[Startsida]   [ Kampreglar ]   [ Klasseinndelingar ]   [Generell info ]   [Påmelding]  

Generell info


Nattcup 2006

Den uhøgtidelege og populære nattcupen i fotball er ein årleg tradisjon vi også i år kan tilby som førjulsmoro, anten ein er interessert i fotball eller ikkje. For dei meir seriøse har vi ei aktiv klasse med pengepremiar til finalelaga. Resten av gjengen som hovedsakleg er ute etter moro og litt trim siste veka før jul, kan vi tilby open klasse for vennelag, bedriftsklasse for bedrifter, lag og organisasjonar. Ellers ønskjer vi barn og ungdom velkomne, då vi tilbyr klassane 11/12-års lag, 13/14-års lag og 15/16-års lag. Fotballgruppa ønskjer vel møtt til eit rusfritt arrangement 16. desember.

Historia om Nattcupen
Første nattcupen var fredag 21.desember i 1990. Rune Bratseth opna cupen på telefonlinje frå Trondheim. Det var Jostein Johannesen som hadde med seg ideen frå Haugesund. Det vart suksess frå første cup med 49 påmelde lag og masse folk i idrettshallen. Folk kledde seg ut, det var bading og mykje moro heile førjulsnatta.Det har seinare utvikla seg til å bli ein førjulstradisjon i Nordfjord der ungdom og andre treffast og tilbringer ei natt i lag med fotball og moro.

Mange utreiste skuleungdommar kontaktar oss for å vere sikre på at dei kjem heim til nattcupen. Vi har mange tilreisande lag frå heile Nordfjord og Søre Sunnmøre. Eidaren Lauritz Fjørtoft tok med seg konseptet til Steinkjer. Her har det og blitt ein suksess og tradisjon på same måten som på Eid. Det er omlag 110 funksjonærar, vakter og kioskbetjening i sving ei slik natt. Fotballgruppa legg vekt på at dette skal vere eit arrangement utan rus.

 

Arrangør :
Eid IL - Fotballgruppa



 
 
Sponsorar: