-
Kvart lag består av 7 spelarar. 5 spelarar inkludert keeper, og 2 innbyttarar. Innbytte styrer laget sjølv.
-
Innleiande kampar varer i 6 minutt utan sidebytte. Målfeltet er 6-metersringen for handball. Straffesparkmerket er det same som for handball.
-
Innkast vert erstatta med innspark. Det er ikkje lov å skore direkte frå innspark.
-
Keeper skal kaste/trille ut ballen. Vert ballen sparka ut vert det dømt indirekte frispark på 6-metersstreken til motstandaren.
-
Hjørnespark vert teke frå det punkt der sidelinja møter kortlinja. Motstandar skal vere 5 meter frå ballen.
-
Lag som ikkje møter opp, taper kampen. 3 poeng vert tilkjent det laget som møter opp.
-
Uavgjorte kampar i finalespelet vert avgjort først ved ”sudden death” i 5 minutt, deretter vert ein spelar tatt ut av kvart lag, og det vert spelt i 1 - eitt - minutt. Vert det ikkje scoring då, vert endå ein spelar tatt ut av kvart lag, og slik fortset det til det er berre ein mann att på kvart lag. Desse spelar då til det vert scoring.
-
Stygt spel vert straffa med utvising i 1 minutt (gult kort).
-
Leiar av appellutvalet avgjer eventuelle tvistesaker. Utvalet si avgjerd er endeleg.
-
Lag med spelarar påverka av alkohol vert diskvalifiserte, utan erstatning av noko slag.
-
Ein spelar kan ikkje delta på meir enn eitt lag.
-
I klasse B skal det max. vere 2 aktive. Ein aktiv er definert som ein som i siste sesong spelte i det ordinære divisjonssystemet i ein serie arrangert av fotballkrets eller fotballforbund.
-
Det er påbode med leggskinne.